Fjellgarden Hovden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. november 2011 kl. 15:07 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Fjellgarden Hovden)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fjellgarden Hovden ligg på vegen til BreiveHovden. AS Sætersdalen eig anlegget, som er under oppbygging og i 2011 hadde 140 vinterfora sauer. Også bygningane er under restaurering og oppbygging. Det er bygd eit nytt slakteri til 10 mill. kroner, her er det og gardsbutikk. I denne satsar ein på å selje salta og røyka fenalår, garden si eiga spekepølse og røykt eller ferskt pinnekjøt.

Det vakre, gamle setesdalshuset som i årevis stod i Hovden Skisenter, er flytta til garden og plassert ved sida av loftet. Etter kvart vil folk kunne leie seg inn her.

Etter at selskapet sjølv overtok drifta av landbrukseigedomen i 2009, tilsette dei Anna Rysstad og Marton Laksesvela som styrarpar. Då dei slutta hausten 2011, overtok Merethe Hjemdal og Rolf Arne Haugen som styrarar.

Sjå også

Kjelde

Eksterne lenker