NRKs klassequiz i Valle
NRKs klassequiz i Valle vart arrangert måndag 28. november 2011 klokka 8.30 på Valle skule. Programleiar var Håvard Raustøl frå NRK Sørlandet.
Laget frå Valle skule var samansett av Sigbjørn Nomeland, Frank Aleksander Høyland og Stine Besteland Johannessen. Dei fekk fire spørsmål i kvar av kategoriane Sjø, Is og Språk, og klarte til saman 5 poeng av 12 moglege.
Sjå også
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: Bykle og Valle i klassequiz. Artikkel i Setesdølen nr. 93, 2011 side 12