Abusdal
Abusdal er ein heiegard (gnr. 32) og ei lita grend sør-vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Saman med nabogarden Abusland utgjer Abusdal dei vestre heiegardane. Ein kjem til Abusdal ved å følge Abusdalsvegen vestover frå avkjøyrsla frå Riksvei 9 ved Hannåsmoen ved Moisund. Abusdal ligg vest for vasskilet mellom Otra og Mandalsvassdraget, og ligg såleis i Marnardalføret.
Namnet kjem av trenamnet apaldr. Den første oppsittaren i Abusdal som er nemd i lensrekneskapen er Odd Abusdal (1610).
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 634 flg.
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein 2006, s. 30