Hopp til innhald

Notto Olson Løvland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. januar 2015 kl. 15:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Notto O. Løvland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Notto Olson Løvland (fødd 1806 i Evje, død 1891) var bonde, lokalpolitikar og stortingsmann.

Foreldra til Notto O. Løvland var Anne Gunnarsdatter Faret og Ola Nottoson Hornnes. Notto sin bror var Gunnar Olson Løvland, far til Jørgen Løvland.

Notto O. Løvland dreiv gardsbruket «Deropp» på Lauvland i Evje kommune. Han utvikla eit nært politisk samarbeid, og venskap, med den kjende lokalpolitikaren Notto Jørgenson Tvedt. Løvland vart betrudd mest alle dei kommunale ombod som var. Han var valmann til heile åtte Stortingsval, 1841-1862. Ved stortingsvalet i 1844 fekk han flest stemmer i Nedenes amt, og kom på Stortinget som førstekandidat frå amtet. Der sat han i åra 1845-1847.

Notto Løvland merka seg lite ut på Stortinget. Han skal ikkje ha tatt nokre sjølvstendige politiske initiativ medan han sat der, og han skal heller ikkje ha hatt ordet på Stortinget sin talarstol. Han sat i budsjettkomiteen. Då forslaget om å oppheve forbodet mot å sleppe jødar inn i landet kom opp i Stortinget i hans tid, stemde han som dei fleste bondetingmenn imot.

Kjelder

  • Per Eivind Hem, Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, Det Norske Samlaget, 2005, s. 30-33

Dødsfall i 1891