Olav Heggland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. november 2011 kl. 00:12 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Olav Heggland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav Heggland (fødd 1888, død 6. november 1974) var ein spelemann frå Heggland i Bygland kommune som budde på Skomedal i mange år. Han var med i Setesdal Spelemannslag heilt frå starten i 1930. Han var og med då den første kappleiken vart arrangert i Setesdal i 1908 og var med på mest kvar kappleik i Setesdal heilt til det siste. For sitt store arbeid for laget vart han laget sin første æresmedlem i Setesdal Spelemannslag, utnemnd på laget sitt årsmøte i 1958, det året han fylte 70 år.[1]

Som lærarar hadde han Knut Jonson Heddi, Eivind Åkhus og Bjørn Tveitbakk frå Setesdal og Torkjell Haugerud, Aslak Lundtveit, Halvor Flateland og Svein Løndal frå Telemark. Det han lærte, vart så omforma og gjeve eit personleg uttrykk. Frå han var 21 år reiste han rundt og heldt konsertar, og denne verksemda gav inntekt nok til å leve av heile livet. I 1924 vann han Landskappleiken i Molde det året. Han spelte då ein setesdalsgangar, Gauken etter Myllarguten og Skjoldmøyslaget.[2]

Heder

  • 1972 Torkjell Haugeruds minnepris
  • 1958 Æresmedlem i Setesdal Spelemannslag

Slåttar

Av dei slåttane han fyrst lærde seg, var det bare nokre få som han heldt på:

Nokre slåttar bygde han ut og prega så sterkt at ein kan seie dei er hans slåttar:

Sjå også

Kjelde

Referansar

  1. Setesdal Spelemannslag 50 år side 234
  2. Setesdal Spelemannslag 50 ¨år side 309