Dåsnesmoen bustadfelt
Dåsnesmoen bustadfelt er et bustadfelt i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Grunnen høyrde til Jortveit-garden før han vart byggegrunn. Heilt nord i Dåsnesmoen, langs Dåsnesvegen, ligg Hornnesheimen. Nord-vest for Dåsnesmoen ligg det populære turmålet Masi, ein liten fjelltopp med vidt utsyn over Dåsnesmoen og Hornnes. Rett vest for Dåsnesmoen ligg Hornnes barnehage og Hornnes barneskule. Sør for bustadfeltet ligg Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes, Hornnes stadion og Otrahallen.
Bustadfeltet er bygd ut frå 1960-talet og framover.