Hopp til innhald

Olav O. Tveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. januar 2015 kl. 11:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet tegnsetting)
Olav O. Tveit
Født: 16. januar 1912
Død: 27. mars 1943 (31 år)

Olav O. Tveit (fødd 16. januar 1912 i Evje, død 27. mars 1943 i tysk krigsfangenskap) var gruvearbeidar i Evje og motstandsmann under andre verdskrigen.

Olav Tveit var med i ei kommunistisk motstandsgruppe i Evje. Gruppa hadde forbindelser til den såkalla Lumber-gruppa i Kristiansand. Tveit vart arrestert av tyskarane 8. september 1942, sammen med mange andre i motstandsgruppa. Først blei han send til Kristiansand. Etter det kom han til Grini fangeleir. Så vart han send vidare til Tyskland, først Sachsenhausen konsentrasjonsleir og etter det Staaken-Falkensee konsentrasjonsleir. Her døydde han altså 27. mars 1943.

Namnet til Olav O. Tveit er hoggen inn i Minnesteinen ved Evje kyrkje over dei som sette livet til i kampen for fedrelandet i krigen 1940-1945.

Kjelder