Torgeir Fennefoss
Torgeir Fennefoss (fødd 1894 i Hornnes, død i 1960) var gardbrukar på Fennefoss, "agent for alt mellom himmel og jord" og ein kjend mann i Hornnes-bygda. Etter at Torgeir Fennefoss var død, vart dei gamle husa med hagen og noko innmark seld til Evje og Hornnes kommune til museumsføremål.
Torgeir Fennefoss vart råka av ein lei sjukdom som gjorde han funksjonshemma alt tidleg i livet. Han var likevel svært aktiv på mange felt. Han måla portrett og landskap, og laga lommebøker og småsaker i skinn og dekorerte dei med svijern. Han hadde ei fin handskrift, han spelte fele og var elles svært opptatt av politikk og alle slags samfunnsspørsmål.
Kjelder
Rita Flottorp og Eva Haugen Sørgaard, Tillegg til Konfirmasjonsturen, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2010, s. 42-43