Uleberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. januar 2015 kl. 12:23 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Uleberg)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Uleberg er ein gard (gnr. 9) i Dåsvannsdalen i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Garden ligg mellom Dåsåna og Skjerka, og med den avrunda fjelltoppen Svaba over seg. I Skjerka, aust for garden, er den svære Hunsfossen. I dag er Skjerka regulert forbi Uleberg, og vassføringa i fossen er ikkje som i tidlegare tider.

Eit bratt bergdrag går gjennom garden frå vest til aust. Dette bergdraget kan vere motivet bak berg-endinga i gardsnamnet. Oddmund Mogstad har prøvd seg på ei tolking av forstavinga Ule-. Han har synt til ei tolking av ULefoss i Telemark, som Urdarfoss, fossen ved urene. Og urer er det nok av på Uleberg og. Då kan ein ifølge Mogstad tenke seg ein liknande overgang for Uleberg. Frå Urdarbjårg over ULeberg til Uleberg.

Den første mannen ein kjenner til på Uleberg heitte Tord. Etternamnet er ukjend. Men gode grunnar talar for at ein av sonene hans var Stian T. Uleberg. Stian er den første mannen som er nemd i lensrekneskapane på Uleberg.

Kjelder