Strauman

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. desember 2014 kl. 11:46 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt mer presis forklaring på hvor gården ligger)
Hopp til navigering Hopp til søk
Strøyman 2014.

Strøyman (Strømmene) er ein gard (gnr. 23) i Hornnes i Evje og Hornnes kommune, mellom Riksvei 9 og vestbreidda av Otra, sør for Hestvåg og nord for Moisund. Namnet skal visstnok kome av at Otra lagar straumar her. Garden blei mest truleg rydda rundt 1628. Det er mogeleg, før garden vart eigen gard, at området høyrde til Øvre Kjetså - Øvregarden. Frå 1628 til 1691 er han nemd som plass under Hannås, men i alle fall frå 1660-talet med eige skyld.

Første kjende eigar av Strauman er Nils Strømmen. Han var fødd rundt 1614. Far hans, som ein ikkje kjenner namnet til, må då truleg ha vore han som rydda Strauman og sat som husmann der frå 1628.

I dag eig Arild Gjeitrem Strøyman. Han og kona har bygd seg nye og staselege hus på eigedomen. Det er ein del fritidsbustader i området.

Kjelder