Torleif O. Homme

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. desember 2014 kl. 19:36 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fråhaldsmannen Torleif Homme: litt om Hommes alkoholsyn)
Hopp til navigering Hopp til søk
Torleif O. Homme
Født: 17. august 1852
Død: 6. mai 1936 (83 år)

Torleif O. Homme (fødd 17. august 1852 i Valle, død 6. mai 1936 i Hornnes) var teolog, lærar, målmann, forfattar og fråhaldsmann, men framfor alt ein stor tenkjar og religionsgranskar i si tid. Han vart fødd og vaks opp i Valle, og var sterkt knytta til heimbygda si heile livet, men levde dei siste åra sine i Hornnes. Han er gravlagd ved Hornnes kyrkje.

Livsveg

Barneår i Valle

Foreldra til Torleif var Olav Olsson Rygnestad og Åse Åsmundsdotter Dale. Då han vart fødd, budde dei på Feddufs, ein husmannsplass under Flateland. Sjølve fødselen skal ha funne stad medan mora var på støylen Voglumtveit. Seinare kom dei til Bronen, ein plass under Homme. Her budde Torleif frå han var sju til han var 14 år gamal.

Både på farssida og morssida var slekta mellom dei mest framståande i Valle, og Torleif ætta i bein line frå Vonde-Åsmund Rygnestad. Foreldra hadde ei tid gard i Telemark. Men dei greidde ikkje å halde på garden, og kom heim igjen til Valle før Torleiv vart fødd.

Torleiv vaks opp i tronge kår. Men han lærte tidleg å lese. Vanlege bøker var mest ikke å finne, så han las mykje i bibelen. Alt i barneåra skal han ha sett seg som mål at han aldri ville bry seg med det som var skikk og bruk mellom folk, men alltid gjera det han tykte var rett og godt. Ved sida å samle seg kunnskap gjennom mykje lesing, lærte han seg også å bruke hendene, noko han fekk nytte av gjennom heile livet. Han må ha vore ein heilt uvanleg unggut, med rike intellektuelle gåver, men framfor alt andre interesser, ei anna haldning, enn gutungar flest.

Ut i verda

I 1867 reiste Homme til Fjære ved Grimstad der han gjette sauer og arbeidde ved eit båtbyggeri. Sommaren 1868 var han gjetar ved Nes jernverk i Tvedestrand. Hausten 1868 kom han til Flatdal i Telemark, til søskenbarnet Aasmund Sveinson Nordgard. Aasmund hjelpte han inn på lærarskulen i Kviteseid. Han tok lærareksamen her i 1873 med svært gode karakterar.

Foreldra og søskena til Homme var i mellomtida reist til Amerika. Han drog etter i 1873. Han kom inn på Luther College i Iowa. Det var eit seksårig gymnas. Her gjekk han ut med laud i 1878. Han utdanna seg vidare på Luther Seminary, og var ferdig utdanna prest i 1881.

Men i åra etter 1881 arbeidde Torleif Homme ikkje som prest. Han hadde gardsarbeid, var kyrkjesongar, underviste barn og studerte eit år vidare på universitet i Madison. I 1887 reiste han heim igjen til Noreg.

Lærar på amtsskulen for dei indre bygdene

Torleif Homme fullførde teologistudia hausten 1890 og våren 1891 vart han ferdig med den praktiske delen av presteutdanninga. Sommaren 1891 blei han tilsett som lærar i amtsskulen i Nedenes. I 1892 kom han som styrar til den ambulerande amtsskulen for dei indre bygdene, skulen som seinare blei fast på Galteland i Evje under namnet Setesdals ungdomsskule. Her blei han verande som lærar i 16 år, til 1908.

Homme ville meir enn å gje dei unge kunnskap. Han meinte at kristendomen måtte gjennomsyre all privat og offentleg aktivitet, også skulen. Homme blei også ein språkhistorisk pioner. Han var den første som nytta landsmål som undervisningsmål.

Prest i Røldal 1908-1913

I 1908 søkte og fekk Homme prestekall i Røldal. Sjølv har han sagt at han trivdest godt i Røldal. Men mykje av tida her blei ei ufredstid i livet hans. Det kom ei strid som skal ha blitt heilt uhyggeleg. Striden gjaldt særleg språket - landsmålet - Homme tala. Men i ettertid har bygdeboka i Røldal likevel gitt Homme eit godt ettermæle for prestegjerninga si. Der heiter det at Homme laut tole mange uvørne og skamlause angrep frå riksmålsfolket, men at han sjølv tok det sakleg og med stor sinnsro. Søndag 5. oktober 1913 tok han farvel med kyrkjelyden i Røldal på ein verdig og fin måte, skriv Olav Arne Kleveland i boka si om Torleif Homme.

Pensjonist i Hornnes

Homme var nå blitt 62 år. Han fekk ei etterløn og gjekk av på pensjon. Han kjøpte nokre mål jord i Jortveit i Hornnes, og bygde opp eit lite småbruk her. Her budde han resten av livet når han ikkje var på reiser. Den nye heimen kalla han Homm, etter heimstaden Homme i Valle som han var så glad i.

I nokre veker hausten og vinteren 1916-1917 fekk Homme gjere teneste som vikarierande sokneprest i heimbygda Valle. Olav Arne Kleveland skriv så vakkert om desse vekene i boka si:

- Han blei helst godt motteken, og mange tykte det var gildt å høyre heimemålet frå preikestolen. Særleg høgtideleg og rørande var det å høyre han messe. Få prestar kunne messe som han. Ein og annan såg det store i at ein som hadde drege frå bygda som fattig husmannsgut, vende heim att som embetsmann. Homme blei elles sett på av dei som kjende han, som eit så varmt menneske at folk måtte bli glad i han om dei ikkje delte teologisk syn med han.

Reisa er slutt

Homme var fysisk sprek langt opp i høg alder. Han sykla ofte frå den nye heimen sin i Hornnes opp Setesdalen til Valle. 74 år gamal gjekk han til fots frå Setesdal til Odda i Hardanger. Då han kom i 80-åra, minka kreftene og tanken var ikkje like stø lenger. 6. mai 1936 sovna han inn på St. Josephs hospital i Kristiansand. To gamle ordførarar i Hornnes, Olaf Kallhovd og Torgeir G. Abusdal, skreiv under dødsannonsa. Homme hadde ingen nære slektningar att i Noreg. Dei to søskena som levde, budde i Amerika.

Ein vakker minnestein over Torleif Homme er reist på grava hans ved Hornnes kyrkje. Bysta er laga av kunstnaren Ingemund Berulvson.

Teologen Torleif Homme

Målmannen Torleif Homme

Fråhaldsmannen Torleif Homme

Torleif Homme talte sterkt mot drykk og alkoholsal. Der var han nærast fanatikar. Alkoholen var etter hans syn ei samfunnsgift og ein samfunnsfiende som bra folk generelt, og kristne menneske spesielt, hadde plikt til å kjempa mot. I 1920-åra var forbod eller ikkje forbod mot alkohol ei stor politisk sak i Noreg. For Homme var det saka Med stor S, seier Olav Arne Kleveland i boka om Homme.

Forfattaren Torleif Homme

Torleif Homme kjende eit kall og ei plikt til å skrive. Han blei ikkje så mykje lesen, men det visste han om. Skrive måtte han like fullt. Han let etter seg ein produksjon som er utruleg omfattande både i volum og i val av tema.

Desse bøkene veit ein han har skrive:

  • Loge og liv (1898)
  • Kunsti, kva og kvi (1902)
  • Framlegg til lov um norsk folkekyrkjeskipnad (1902)
  • Om sakramenterne (1904)
  • Historisk kristentru (1904)
  • Kristenlæra.Den sogevorne og den sakvorne (1909)
  • Fadervåret (1909)
  • Norsk Folkelagnad (1916)
  • Fire heimlandstonar (1915)
  • Grunnhåtten til kristendomen (1920)
  • Nåde, nådegåvor, nådeløn (1923)
  • Luthers vesle katekisme (1929)
  • Himmelrike (1930)
  • Heureka, heureka (1930)
  • Skapingssogone - Siflodsskildringar (1921)
  • Opphavet til den dogmatiske kristendomen (uprenta)

Homme hadde også eit enormt tal med innlegg i ulike aviser og tidsskrift.

Historikaren Torleif Homme

Politisk grunnsyn og politiske haldningar

Kjelder