Dåsnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. desember 2014 kl. 17:22 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om geografisk plassering)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dåsnes er ein tettstad og eit knutepunkt for biltrafikk i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Staden ligg ytterst på neset mellom Otra og Dåsåna. Her er det daglegvarebutikk, Joker Dåsnes, bensinstasjon, bilverkstad og Hornnes bedehus. I nyare tid er den svære verksemda Dekkomsetning kome til. Det nedlagde Hornnes hjelpefengsel ligg i Dåsnes. I dag er det gamle fengselet eit kulturminne. Det er også eindel bustadhus i tettstaden.

Historie

Dåsnes låg opphaveleg på grunn som høyrde Jortveit-garden til. Dåsnes og den nærliggande garden Faret, på andre sida av Dåsåna, var frå gamalt av eit knutepunkt for trafikken opp og ned Setesdal. Faret var ferjestad for overfart over Otra til Evje-sida. Her måtte ein òg ferje over Dåsåna for å kome seg vidare nordover eller sørover på Hornnes-sida, fram til den første brua kom rundt 1840.

Den første bygningen i Dåsnes kom truleg opp i 1849. Han var sett opp av Ola Olson Steinsland. Steinsland hadde løyve til å selje øl i Dåsnes. Han kjøpte også etter kvart meir jord i Dåsnes. Noko vart delt frå hans eigedom til kai for dampskipa som gjekk på Kilefjorden på den tida.

Det nemde hjelpefengselet vart bygd på byrjinga av 1860-talet. Hornnes landsgymnas vart etablert i 1918, og det nye gymnasbygget på Jortveitmoen kom i 1925. Det gjorde at det blei bygd mykje nytt i Dåsnes. Dåsnes blei etter kvart det største senteret i Hornnes-bygda.

Kjelder