Dåsnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. desember 2014 kl. 13:57 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til bilverksted)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dåsnes er ein tettstad og eit knutepunkt for biltrafikk i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Her er det daglegvarebutikk, Joker Dåsnes, bensinstasjon, bilverkstad og Hornnes bedehus. I nyare tid er den svære verksemda Dekkomsetning kome til. Det nedlagde Hornnes hjelpefengsel ligg i Dåsnes. I dag er det gamle fengselet eit kulturminne. Det er også eindel bustadhus i tettstaden.

Historie

Dåsnes låg opphaveleg på grunn som høyrde Jortveit-garden til. Dåsnes og den nærliggande garden Faret, på andre sida av Dåsåna, var frå gamalt av eit knutepunkt for trafikken opp og ned Setesdal. Faret var ferjestad for overfart over Otra til Evje-sida. Her måtte ein òg ferje over Dåsåna for å kome seg vidare nordover eller sørover på Hornnes-sida, fram til den første brua kom rundt 1840.

Den første bygningen i Dåsnes kom truleg i 1849. Det nemde hjelpefengselet vart bygd på byrjinga av 1860-talet. Hornnes landsgymnas vart etablert i 1918, og det nye gymnasbygget på Jortveitmoen kom i 1925. Det gjorde at det blei bygd mykje nytt i Dåsnes.

Kjelder