Tveiteåna (Hornnes)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. desember 2014 kl. 00:22 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til oppl. om sag i Tveiteåna)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tveiteåna der ho renn nedover forbi Tveitekleiva på veg mot Kjetså. Foto: Geir Daasvatn

Tveiteåna er namnet på elva Kjetsåna der ho renn forbi garden Tveit i Hornnes. Endå lenger oppe, nord for garden, vert ho kalla Stebekken.

I ein foss i Tveiteåna, rett aust for garden Austre Tveit, hadde Olav N. Sundbø sag og høvleri, som han dreiv i mange år. Etter han overtok sonen Torbjørn Tveit saga. Han bygde eit nytt, svært sagbruk i fossen. Men det var helst svigersonen til Tveit, Ingemund Bjorå, som kom til å drive dette nye sagbruket. Det skal ha vore i drift frå rundt 1950 til 2000. På det meste var det jamt fem mann i arbeid på saga.

Kjelde

Ekstern lenke