Hopp til innhald

Setesdalslaget i Amerika

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. november 2014 kl. 23:35 av Siri J (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Setesdalslaget''' eller '''Sætesdalslaget''' vart grunnlagd 30. juni 1909 i Grand Forks, North Dakota i USA. Den fyrste leiaren var Bjørgulv Drengson Bjørnaraa|Bjørgulv D. Bjør...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Setesdalslaget eller Sætesdalslaget vart grunnlagd 30. juni 1909 i Grand Forks, North Dakota i USA. Den fyrste leiaren var Bjørgulv D. Bjørnaraa, medan Grunde Grundeson var skrivar.

Laget avheld årsmøte, og viss ein møtedag kom på ein sundag vart ein luthersk gudsteneste ein del av programmet. Møteprogramma kunne innehalde alt frå talar, foredrag og musikk til folkedans, film med meir. Dei premiera og dei finaste bunadane.

I 1915 sende dei ei minnegåve på 2,286 dollar til Setesdal. I Byglands soge nemnes det at kvart av dei fire sokna i 1916 fekk ei pengegåve[1]. Setesdalslaget i USA har fleire gonger gjeve gåver som skulle nyttast til hjelp for trengjande i sokna i Bygland[2].

Kjelder og fotnoter

  1. Lande, Aasulv: «Kommunestyringi» i Byglands soge, side 106, utg. 1939.
  2. Bolling, Reidar: «Kyrkja og kristenlivet» i Byglands soge, side 408, utg. 1939.