7. mai 1945
7. mai 1945 var ein måndag.
Hendingar
- Den tyske kapitulasjonen vart kjent i Evje og Hornnes. Rektor Daniel Danielsen ved Hornnes landsgymnas heldt tale til ein stor flokk menneske som hadde samla seg utanfor Hornnes kyrkje. I Evje samla ei stor menneskemasse seg framfor butikken til Brødrene Gullestad i Evje sentrum. Torvald Haavardstad heldt tale.
Kjelde
- Erik Kjebekk, Minne frå ei svunnen tid - Historiske gløtt frå Evje og Hornnes, hefte utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2007, s. 29