Ørnefjell turløype

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. november 2014 kl. 06:53 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ekstern lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sola stig opp over Ørnefjell ein kald oktoberdag. Mot sør ligg Hornnes gøymd i morgondisen. Foto: Geir Daasvatn

Ørnefjell turløype byrjar ved Oddeskogen barnehage nær Oddeskogen bustadfelt i Evje. Løypa går gjennom skogsterreng og har nokre bratte parti undervegs. Ho går forbi gamle Ørnefjellbakken, ein mykje brukt hoppbakke i bygda frå 1934 til slutten av 1940-talet. Ved toppen av Ørnefjell, 371 m.o.h., er det postkasse med gjestebok, og bord og stolar så ein kan kvile og nyte naturen.

Lengda på løypa er 3,5 kilometer tur/retur. Løypa er merka og det står skilt med kart ved starten.

Ekstern lenke