Hornnes frilynde ungdomslag

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. november 2014 kl. 09:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Hornnes frilynde ungdomslag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hornnes frilynde ungdomslag var eit ungdomslag i Hornnes. Laget vart skipa 3. januar 1897 etter opptakt frå urmakar Guttorm Kallhovd og Gunvald Abusdal. Olav O. Faret var den første leiaren. I det første styret var også desse med: Aanund Voilestø, Targjerd Hannås, Gudrid Hornnes og Gunvald Abusland.

Laget sitt føremål var ved song, opplesing, foredrag og ordskifte om ymse emne å arbeide for å løfte ungdomen moralsk og åndeleg; på same tid som det ville gje lagsmennene høve til god og sømeleg moro. Rusdrikk måtte ikkje brukast i samkomene til laget.

Alt andre året blei ei kvinne, Gudrid Hornnes, vald til leiar.

I 1903 reiste Hornnes frilynde ungdomslag ungdomshuset Trudvang i Dåsnes saman med Hornnes fråhaldslag. Dette huset stod heilt til 1974.

Laget hadde sitt eige blad. Dette vart kalla Uredd, og var handskrive. Medlemstalet var etter nokre år komen opp i 75. Aktiviteten i laget var, i alle fall i periodar, høg.

Kjelde

Olav Arne Kleveland, Lag og lagshus, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2008, s. 44-51