Hopp til innhald

Elgen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. november 2014 kl. 20:46 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Retta fjellnamn)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Elgen, skilag (idrettslag) på Byglandsfjord i Bygland kommune frå 1927 til 1962. Laget blei skipa på Byglandsfjord 30. november 1927, og hadde då 35 medlemer. Laget hadde mellom anna ein hoppbakke kalla Vinddalsbakken, på austsida av Elgeknipen, under Årdalsknapen. Laget hadde utøvarar som hevda seg godt i både hopp, kombinert og langrenn. Den framste var nok Marcus Fiskaa, som både var den beste skilauparen og den store inspiratoren og organisatoren som viste veg.

På årsmøte i Elgen hausten 1962 vart det samrøystes vedteke at skilaget skulle gå saman med Otra IL, og frå 16. oktober 1962 var Elgen ein del av det nye idrettslaget for Evje, Hornnes og Byglandsfjord.

Profilar

Kjelder