Evje Taekwondo Klubb

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. november 2014 kl. 19:22 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til et par kategorier)
Hopp til navigering Hopp til søk

Evje Takwondo Klubb vart etablert i 1996. Den fyrste tida hadde klubben base i gymsalen på Evje skule, men etter fem år flytta dei aktivitetane sine til Otrahallen, der dei held til bak skytesalen. Klubben har vel 30 medlemmer og treningar måndag, tysdag og fredag. Dei fleste medlemene trener tre dagar i veka, men dei yngste trenar to dagar.

I mars 2013 arrangerte klubben landsleir med over 100 deltakarar frå heile landet.

Styre

Desse var med i styret i klubben i 2013

Eirik Brottveit (fødd 1985), leiar, Ellen Tjøntveit Dale (fødd 1986), nestleiar. Styremedlemer er Linda Stålesen Brottveit (fødd 1963), Jonas Omland Bentsen (fødd 1992) og May Britt Flathen (fødd 1976)

Kjelde