Hornnes idrottslag

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. november 2014 kl. 19:05 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Hornnes idrottslag 1919)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hornnes idrottslag var eit idrettslag i Hornnes på 1920- og 1930-talet. Laget var skipa 29. mai 1919. Idretten i Hornnes hadde før den tid helst høyrd inn under ungdomslaget. Men det blei lite ut av idretten i det laget, og idrettsfolka fant det naudsynt å ha eit eige lag. Den første formannen var Jørgen Faret. Den siste vi veit om var lensmann Gerhard Haukom.

Ut frå forhandlingsboka til laget kan vi sjå at det var aktivitet i laget minst ut 1937. Laget dreiv mellom anna med friidrett, skihopp og langrenn. Vi må tru at aktiviteten tok slutt seinast etter krigsutbrotet våren 1940. Etter krigen, i 1945, blei det skipa eit nytt idrettslag i Hornnes - Hornnes idrettslag. Hornnes idrottslag må ikkje forvekslast med det "nye" Hornnes idrettslag.

Kjelde