Bernt E. Berntsen
| Bernt E. Berntsen | ||
|---|---|---|
| Født: | 1956 (alder 69–70) | |
Bernt Einar Berntsen (fødd 1956) er lærar og rådgjevar på Bykle skule. Han har vore leiar i Bykle sokneråd, kyrkjetenar i Bykle kyrkje og representert KrF i Bykle kommunestyre. Bernt Berntsen er frå Bygland og gifta seg i 1985 med Ingrid Løyning Berntsen frå Bykle. Året etter bygde dei seg hus i Kyrkjelii byggjefelt. Dei har to adoptivdøtre som er adoptert frå Kina.
Kjelde
- Omtale i Heimar og folk i Bykle, artikkel om Kyrkjeli 4