Bendik Stubseid
| Bendik Stubseid | ||
|---|---|---|
| Født: | 11. desember 1862 | |
| Død: | 25. juni 1926 (63 år) | |
Bendik Stubseid var lærar i Bygland frå 1884 til 1926, og klokkar i Austad kyrkje på Tveit frå 1890.
Stubseid vart fødd i Askvoll i Sogn og Fjordane i 1862, tok lærarprøva på Stord seminar i 1882 og kom til Bygland tvo år seinare. Fram til 1890 var han lærar på Strandeleda i Bygland, og i 1890 vart Bendik Stubseid lærar i den ytre bygda i Austad[1]. Otra dela den ytre bygda i tvo, så han måtte ofte nok krysse henne. Dette vart endra i 1918 då han fekk skulekrinsen Austad – Heistad som berre låg på austsida av elva. Stubseid var den eine av tvo lærarar utanfrå som vart buande i Bygland livet ut, den andre var Knut Sveindal (1862–1927) frå Grindheim i Vest-Agder. Han var lærar i Langeid og Hegland krinsar, og kaupte seg gard på Hegland[2].
Bendik Stubseid var kjend som ein dugande hagemann, som hadde planta store frukthagar på garden han kaupte på nordre Austad i 1904[3]. Bolling seier i Byglands soge at han var
- «...ein umåteleg snild og stillfarande mann, med godt mannetykje, og ei evne til å fortelje og gjere levande som var sjeldsynt. Til å syngje var han makelaus mest, han kunne kvar einaste tone i Landstad sin salmebok, ...»[4].
Han kunne og mange skjemtesongar og han fortalde stubbar på ein løgleg måte. Stubseid arbeidde for å opplyse folk, og gav og råd og rettleiing i hagebruk.
Familien
Bendik Mathias Kristianson Stubseid var eldste sonen til gardbrukar og sjølveigar Christian Bendiksen og kona Petrine Mathiasdatter på Stubseide i nordre Askvoll. Sjølv vigde han tvo gonger og fekk ti born, sju gutar og tre jenter. Bendik og Mari Stubseid er gravlagde på kyrkjegarden ved Austad kyrkje på Tveit.
Folketeljinga i 1900 for Bygland herred syner at mor, far og tri born var busett på Hækni (Gnr. 13, bnr. 10) på Austad, som Bendik åtte. Ti år seinare har familien flytt til Austad nordre (Gnr. 13, bnr. 2 og 3) som Bendik eig, og teljinga syner då at huslyden har auka med fire nye born. Det hadde då blitt ein familie på ni.
Bendik Mathias Kristianson Stubseid, f. 11. desember 1862 d. 25. juni 1926:
vigde fyrste gong med Juri Olavsdotter Austad, f. 20. juli 1873, d. 15. juli 1893, 30. november 1892 i Austad, fekk ikkje born.
vigde andre gong med Mari Olavsdotter Hegland, f. 1. juni 1874, d. 13. august 1931, 4. juli 1895 i Bygland, fekk borna:
- Jorid, f. 21. oktober 1895, d. 4. februar 1967, vigd Haugland (Vegusdal), gravlagd Austad kyrkjegard på Tveit.
- Kristian, f. 2.september 1897, d. 29. april 1976, lærar. Vigde Gunnhild Gunnarsdotter Straume i 1935, gravlagd Austad gamle kyrkjegard.
- Olav, f. 20. september 1899, begraven 12. oktober 1948 på Austad kyrkjegard på Tveit, emissær, døde i Sogn.
- Olav, f. 21. februar 1902, d. 1. oktober 1955, gravlagd på Austad kyrkjegard på Tveit.
- David, f. 11. juli 1904, d. 25. desember 1986, lærar, vigd med Solveig Hagen (1905–1986), gravlagd på Leie gravlund i Fredrikstad.
- Grunde, f. 1. februar 1907, emigrera til USA 7. august 1929, d. 26. oktober 1964, gravlagd ved Effie Lutheran Church aust for Grand Forks, nord i Minnesota.[5]
- Sven, f. 15. juni 1909, d. 9. november 1969, vigd med Anna Regine (1911–1999), gravlagd på Vennesla kyrkjegard.
- Gunhild, f. 11. februar 1912, begraven 18. august 1976, Nøtterøy kyrkjegard. Organist i Austad kyrkje føre 1936[6], sjukesyster (utdanna ved Haukeland sjukehus), vigd med sjømann Einar Thorbjørnsen (1917–2003) frå Nøtterøy.[7]
- Anne, f. 4. september 1914, d. 29. juli 1953, sjukesyster, ugift, busett i Ålesund, gravlagd på Austad kyrkjegard på Tveit.
- Bjørn, f. 25. september 1917, d. 5. september 1980, lærar, vigd med Kristine (1921–1995), gravlagd på Leie gravlund i Fredrikstad.
Fotnoter
- ↑ Bolling, 1939: s. 355–356.
- ↑ Bolling, 1939: s. 354.
- ↑ Bolling, 1952: s. 94.
- ↑ Bolling, 1939: s. 356.
- ↑ Kjelde: Gunnar K. Stubseid
- ↑ Johnsen, Jørg: Organister og orgler i Agder bispedømme, s. 20, Kristiansand : [s.n.], 1962, 143 s. ill. (bokhylla.no)
- ↑ Kjelde: Gunnar K. Stubseid
Kjelder
Primærkjelder
- Folketeljingar
- Folketeljing 1865 for 1428P Askvoll prestegjeld - Stubseide
- Folketeljing 1900 for 0938 Bygland herred - Hækni
- Folketeljing 1910 for 0938 Bygland herred - Austad nordre
- Kyrkjebøker
- Digitalarkivet.no: Askvoll, Ministerialbok nr. A 12 (1859-1878), Fødde og døypte 1862, side 44. (Bendik Stubseid)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 3 (1920-1974), Døde og gravlagde 1926, side 92. nr. 4. (Bendik Stubseid)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 1 (1848-1886), Fødde og døypte 1873, side 32, nr. 7. (Juri Olavsdotter Austad)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1908), Døde og gravlagde 1893-1895, side 101, nr. 9. (Juri Olavsdotter Austad)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1908), Vigde 1891-1892, side 79, nr. 4. (Juri Olavsdotter Austad og Bendik Stubseid)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 1 (1848-1886), Fødde og døypte 1874, side 33, nr. 6. (Mari Olavsdotter Hegland)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 3 (1920-1974), Døde og gravlagde 1931, side 95, nr. 4. (Mari Olavsdotter Hegland)
- Digitalarkivet.no: Bygland i Bygland, Ministerialbok nr. A 7 (1885-1909), Vigde 1895-1897, side 119, nr. 4. (Mari Olavsdotter Hegland og Bendik Stubseid)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1908), Fødde og døypte 1895, side 23, nr. 5. (Jurid)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1908), Fødde og døypte 1899, side 29, nr. 8. (Kristian)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1908), Fødde og døypte 1900, side 33, nr. 14. (Olav d.e.)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1908), Fødde og døypte 1902, side 36, nr. 4. (Olav d.y.)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1908), Fødde og døypte 1905, side 39, nr. 6. (David)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1908), Fødde og døypte 1908, side 42, nr. 3. (Grunde)
- Digitalarkivet.no: Bygland i Bygland, Ministerialbok nr. A 7 (1885-1909), Fødde og døypte 1909, side 53, nr. 10 (Sven)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 2 (1886-1919), Fødde og døypte 1912, uten sidenr., nr. 5 (Gunhild)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 2 (1886-1919), Fødde og døypte 1914, side 53, nr. 8 (Anne)
- Digitalarkivet.no: Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 2 (1886-1919), Fødde og døypte 1917, side 59, nr. 5. (Bjørn)
- Emigrantarkiv