Kjebekken
Kjebekken er ein liten bekk som renn ut av områda oppover mot Gjengninghei aust i Evje og Hornnes kommune, ikkje så langt frå grensa mot Iveland kommune. Bekken renn i nord-vestlig retning nedover i terrenget, forbi gardane Kleggetveit og Kjebekk, og ut i Bjoråna (Galtelandsåna) på Galteland.
Den lokale naturkjennaren og historikaren Oddmund Mogstad]] har ein teori om at Kjebekken er parnamn med Gymsåna. Begge desse to elvene kjem frå same staden, områda innover mot Gjengninghei. "Kje" i Kjebekken kjem truleg av geitekje, medan "Gym" i Gymsåna kan kome frå gimre, ungsau.
Garden Kjebekk har namn etter bekken som renn forbi.
Kjelder
Oddmund Mogstad, Vassdragsnamn i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2009, s. 30-37 Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2008, s. 33-38
Ekstern lenke
Bilete av Kjebekken på Flickr