Åsvegen
Åsvegen er ein om lag 2 km lang grusveg i Evje og Hornnes kommune, på vestsida av Otra, bratt oppover frå Røyrkilen ved fylkesvegen mellom Krossen og Senum til garden Ås høgt oppe i lia ovanfor Otra-dalføret. Vegen er stengd med bom.
Det vart først bygd veg til Ås på byrjinga av 1920-talet. Vegen vart utbetra i 1983. På same tida ble det bygd veg vidare innover (sørover) heia fram til Fennefossfjellet - Fennefossknipavegen.
Kjelde
Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 207 og 288