Urdalen (Hornnes)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. oktober 2014 kl. 22:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den tronge inngangen til Urdalen frå aust. Foto: Geir Daasvatn

Urdalen er ein liten, men særmerkt glasial elvedal i Hornåsen i Hornnes. Han går i retning aust-vest i ei lengde på om lag 700 meter. Han er kvasst skoren, og har særleg i austre delen karakter av eit trongt gjel. Dalbotnen er fylt opp av ei svær ur. Skarhøgda ligg på 226 meter over havet. Vannskillet ligg heilt ute i opningen mot aust, og herfra haller det heile vegen bort frå hovuddalføret (Otra).

I motsetnad til Otra-dalføret, og den nærliggande Dåsvannsdalen, er det ikkje isen som har gravd ut Urdalen. Han må i staden vere gravd ut ved elve-erosjon. Det var den vidgjetne rektoren ved Hornnes landsgymnas, Daniel Danielsen, som på eigahand studerte seg fram til denne konklusjonen rundt 1930.

Denne elva gjennom Urdalen oppstod truleg langt tilbake i tid, då det må ha vore ei oppdemning av is ute i hovuddalføret, slik at vatnet frå Dåsvannsdalen ei tid fekk avlaup gjennom Hornåsen til det lågare terrenget vestanfor (mot Kjetså). Denne bretunga må ganske sikkert ha skote seg fram mot sør gjennom Jortveitmoen, der den vidaregåande skulen no ligg, over den nederste delen av Dåsåna der ho renn i dag og bortover mot den sør-austre delen av Hornåsen.

Seinare smelta isen, og isdammen vart borte. Urdalen låg "daud" att.

Kjelde