Hopp til innhald

Bendik Stubseid

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. oktober 2014 kl. 18:15 av Siri J (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Bendik Stubseid''' blei fødd i Askvoll i Sogn og Fjordane 11. desember 1862 og døydde 25. juni 1926<ref>[http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=49511&idx_id=49511&uid=ny&...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Bendik Stubseid blei fødd i Askvoll i Sogn og Fjordane 11. desember 1862 og døydde 25. juni 1926[1]. I 1882 tok han lærarprøva på Stord seminar, og kom til Bygland tvo år seinare. Fram til 1890 var han lærar på Strandeleda i Bygland, og i 1890 blei han dekn (klokkar/kyrkjesangar/kyrkjetenar) i Austad kyrkje på Tveit og lærar i den ytre bygda i Austad[2]. Otra dela den ytre bygda i to, så han måtte ofte nok krysse henne. Dette blei endra i 1918 då han fekk skulekrinsen Austad – Heistad som berre låg på austsida av elva. Stubseid var den eine av tvo lærarar utanfrå som blei buande i Bygland livet ut, den andre var Knut Sveindal (1862–1927) frå Grindheim i Vest-Agder. Han var lærar i Langeid og Hegland krinsar, og kaupte seg gard på Hegland[3].

Bendik Stubseid var kjend som ein dugande hagemann, som hadde planta store frukthagar på garden han kaupte på nordre Austad i 1904[4] Bolling omtalar honom i Byglands soge som «...ein umåteleg snild og stillfarande mann, med godt mannetykje, og ei evne til å fortelje og gjere levande som var sjeldsynt. Til å syngje var han makelaus mest, han kunne kvar einaste tone i Landstad sin salmebok, ...»[5]. Han kunne og skjemtesongar og fortalde stubbar på ein løgleg måte. Stubseid arbeidde for å opplysa folk, og gav og råd og rettleiing i hagebruk.

Familien

Bendik Mathias Kristianson Stubseid var eldste sonen til gardbrukar og sjølveigar Christian Bendiksen og kona Petrine Mathiasdatter på Stubseide i nordre Askvoll[6]. Sjølv vigde han tvo gonger og fekk ti born. Bendik og Mari Stubseid er gravlagde på kyrkjegarden ved Austad kyrkje på Tveit.

Folketeljinga i 1900 for Bygland herred syner at mor, far og tri born var busett på Hækni (Gnr. 13, bnr. 10) på Austad, som Bendik åtte[7]. Ti år seinare syner teljinga at familien har flytt til Austad nordre (Gnr. 13, bnr. 2 og 3) som Bendik eig, og at huslyden har auka med fire nye born[8] til ein familie på ni.

Bendik Mathias Kristianson Stubseid, f. 11. desember 1862[9] d. 25. juni 1926[10]

  1. vigde Juri Olavsdotter Austad, f. 20. juli 1873[11] d. 15. juli 1893[12], 30. november 1892 i Austad[13]
  2. vigde Mari Olavsdotter Hegland, f. 1. juni 1874[14] d. 13. august 1931[15], 4. juli 1895 i Bygland[16]
fekk borna:
  • Jorid, f. 21. oktober 1895, d. 4. februar 1967, vigd Haugland (Vegusdal), gravlagd Austad kyrkjegard, Tveit.[17].
  • Kristian, f. 2.september 1897, d. 29. april 1976, lærar. Vigde Gunnhild Gunnarsdotter Straume i 1935, gravlagd Austad gamle kyrkjegard.
  • Olav, f. 20. september 1899, d. 3. oktober 1948[18], emissær, døde i Sogn.
  • Olav, f. 21. februar 1902, d. 1. oktober 1955, gravlagd Austad kyrkjegard, Tveit[19].
  • David, f. 11. juli 1904, d. 25. desember 1986, lærar, vigd med Solveig Hagen (1905–1986), gravlagd Leie gravlund, Fredrikstad[20].
  • Grunde, f. 1. februar 1907, d. , skal ha reist til Amerika.
  • Sven, f. 15. juni 1909, d. 9. november 1969, vigd med Anna Regine (1911–1999), gravlagd Vennesla kyrkjegard[21].
  • Gunhild, f. 11. februar 1912, d. , sjukesyster[22].
  • Anne, f. 4. september 1914, d. 29. juli 1953, sjukesyster, ugift, busett i Ålesund, gravlagd Austad kyrkjegard, Tveit[23][24].
  • Bjørn, f. 25. september 1917, d. 5. september 1980, lærar, vigd med Kristine (1921–1995), gravlagd Leie gravlund, Fredrikstad[25].

Fotnoter

  1. ↑ Arkivverket.no: Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 3 (1920-1974), Døde og begravede 1926, side 92. nr. 4.
  2. ↑ Bolling, 1939: s. 355–356.
  3. ↑ Bolling, 1939: s. 354.
  4. ↑ Bolling, 1952: s. 94.
  5. ↑ Bolling, 1939: s. 356.
  6. ↑ Folketelling 1856.
  7. ↑ Folketelling 1900 for 0938 Bygland herred - Hækni
  8. ↑ Folketelling 1910 for 0938 Bygland herred - Austad nordre
  9. ↑ Askvoll (1859–1878): nr. 87.
  10. ↑ .Arkivverket.no: Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 3 (1920-1974), Døde og begravede 1926, side 92. nr. 4.
  11. ↑ Arkivverket.no: Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 1 (1848-1886), Fødte og døpte 1873, side 32, nr. 7
  12. ↑ Arkivverket.no: Austad i Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1908), Døde og begravede 1893-1895, side 101, nr. 9.
  13. ↑ Arkivverket.no: Austad i Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1908), Ekteviede 1891-1892, side 79, nr. 4.
  14. ↑ Arkivverket.no: Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 1 (1848-1886), Fødte og døpte 1874, side 33, nr. 6.
  15. ↑ Arkivverket.no: Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 3 (1920-1974), Døde og begravede 1931, side 95, nr. 4.
  16. ↑ Arkivverket.no: Austad i Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1908), Ekteviede 1895-1897, side 82, nr. 0.
  17. ↑ DIS' gravminnesøk ID 1209080
  18. ↑ DIS' gravminnesøk ID 1209166, fødselsmånad er feil her
    Austad i Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1908), Fødte og døpte 1900, side 33, nr. 14
    og truleg og dødsåret. Han vert begraven 12. oktober 1948 på Austad kyrkjegard iflg kirkegardsprotokollen.
  19. ↑ DIS' gravminnesøk ID 1209109
  20. ↑ DIS' gravminnesøk ID 2597819 og 2597820
  21. ↑ Gravminnet på DIS' gravminnesøk
  22. ↑ Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 2 (1886-1919), Fødte og døpte 1912, uten sidenr., nr. 5
  23. ↑ Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 2 (1886-1919), Fødte og døpte 1914, side 53, nr. 8
  24. ↑ DIS' gravminnesøk ID 1209167, fødselsmånad er feil her
    Austad i Bygland, Klokkerbok nr. B 2 (1886-1919), Fødte og døpte 1914, side 53, nr. 8
    og truleg og dødsåret. Han vert begraven 12. oktober 1948 på Austad kyrkjegard iflg kirkegardsprotokollen.
  25. ↑ DIS' gravminnesøk ID 2597367 og 2597368

Kjelder