Hopp til innhald

Olav O. Tveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. oktober 2014 kl. 22:32 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Olav O. Tveit)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Olav O. Tveit var gruvearbeidar i Evje. Han var fødd 16. januar 1912 og døydde 27. mars 1943. Han vart arrestert av tyskarane 8. september 1942. Først blei han send til Kristiansand. Etter det kom han til Grini fangeleir. Så vart han send vidare til Tyskland, først Saschenhausen konsentrasjonsleir og etter det Staaken-Falkensee konsentrasjonsleir. Her døydde han altså 27. mars 1943.

Namnet til Olav O. Tveit er hoggen inn i Minnesteinen ved Evje kyrkje over dei som sette livet til i kamp for fedrelandet i krigen 1940-1945.

Kjelde

  • Fangeregisteret til Stiftelsen Arkivet