Alf Juel Stausland
Alf Juel Stausland var fødd 14. juni 1914 i Evje. Han blei arrestert av tyskarane 20. januar 1943. Han vart først send til Kristiansand, og etter det til Grini fangeleir. Seinere kom han til Natzweiler-Struthof, ein tysk konsentrasjonsleir sør for Strasbourg i det franske Elsass (fransk Alsace). Her døydde han 14. juli 1944. Namnet hans er hoggen inn i Minnesteinen ved Evje kyrkje over dei som sette livet til i kampen for fedrelandet 1940-1945.
Kjelde
- Fangearkivet til stiftelsen Arkivet i Kristiansand