Evje og Hornnes museum, Fennefoss
Evje og Hornnes geomuseum ligg idyllisk til på Fennefoss, på vestsida av Otra. Det vart etablert i 1975.
På musèet er det utstillingar frå livet på garden i perioden 1800-1910. Evje gamle apotek frå 1910 er Setesdals eldste apotek. Musèet har dessutan ei stor utstilling av lokal rosemåling og ølhøner.
Viktigast og mest omfattande er dei geologiske og mineralogiske utstillingane. Evje/Iveland er verdskjend for mineralrikdomen sin. På musèet er det ei stor utstilling med lokale mineral. Fleire temautstillingar viser korleis mineral blir brukt i vårt moderne samfunn. I tillegg er det spennande utstillingar om Flåt nikkelgruve og om Pierre og Marie Curie. Musèet har ei stor samling av lokale smykkesteinar.
Kjelder
- Kulturplan for Evje og Hornnes 2010-2020, vedteken av Evje og Hornnes kommunestyre 12. november 2010
- Plakat/oppslag ved musèet