Hopp til innhald

Nils Mørk Nicolaysen (1874)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. oktober 2014 kl. 23:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Nils Mørk Nicolaysen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Nils Mørk Nicolaysen var fødd 7. oktober 1874 på Brastad i Tjøtta, men kom til Evje for å arbeide ved Flåt gruve. Han døydde 12. november 1935 etter ei ulukke ved gruva. Han arbeidde på ein demning og kom trillande på ei vogn då skinnegangen gav etter og han rasa ut i dammen saman med vogna. Det vart straks slege alarm. Men vatnet var to meter djupt og og svært grumsut. Han var derfor vanskeleg å finne. Det tok tre timar før han blei teken opp.

Nils Mørk Nicolaysen etterlot seg kone og fire vaksne barn. Namnet hans står på Minnesteinen ved Flåt gruve.

Kjelde