Bygland kyrkjelege fellesråd

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. oktober 2014 kl. 20:58 av Siri J (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Årdal kyrkje.
Bygland kyrkje.
Fil:AA Bygland Sandnes kapell 02 AW.jpg
Sandnes kapell.
Siri Johannessen (2012)
Sandnes kyrkje.
Siri Johannessen (2011)
Austad kyrkje.

Bygland kyrkjelege fellesråd har to sokn, Bygland og Årdal. Det er ein del av Otredal prosti i Agder og Telemark bispedøme. I det gamle Bygland prestegjeld var det tidlegare to sokn til, Austad og Sandnes sokn som har vorte innlemma i dagens to. Rådet gjev ut Kyrkjebladet for Bygland fire gonger i året.

Fellesrådet har to soknekyrkjer, Årdal kyrkje i Grendi og Bygland kyrkje på Bygland, tre andre vigde bygg: Sandnes kapell, Sandnes kyrkjeÅraksbø og Austad kyrkjeTveit. Om vinteren nyttast Ose grendehus som kyrkjerom i staden for kyrkja på Tveit. Ved kvar av kyrkjene og kapellet er det ein kyrkjegard, i tillegg til desse kjem Austad gamle kyrkjegard på austsiden av Otra.

Dagleg leiar for fellesrådet er Olav Nilsen, Eiliv Bjarne Lønningen er sokneprest og Hildegunn Richards organist.

Fellesrådet sitt kontor ligg i Joker-bygget i Bygland sentrum og er ope tysdagar og torsdagar.

Aktivitetar vert gjort kjend i Kyrkjebladet for Bygland og Setesdølen,

Gudstenesteliste for oktober til og med desember 2014

Gudstenesteliste for Bygland kyrkjelege fellesråd i 2014. Fleire aktivitetar, som til dømes Minior på Vonheim, bønnemøter og konsertar finst i kyrkjebladet.

Januar

Februar

  • 2. februar – Årdal kyrkje kl. 11.00. Høgmesse. Nattverd.
  • 16. februar – Sandnes kyrkje kl. 11.00. Høgmesse. Nattverd.
    • VonheimBygland kl. 16.00. Gudsteneste. Kyrkjekaffi ved konfirmantar på Vonheim.

Mars

April

  • 8. april – Fasteaksjonen 2014 – konfirmantane og soknerådet.
  • 10. april – Bygland kyrkje kl. 10.30. Påskevandring.
  • 11. april – Årdal kyrkje kl. 09.30. Påskevandring. Byglandsfjord barnehage.
  • 13. april – Palmesundag: Hovatn kl. 12.00. Friluftsgudsteneste.
  • 17. april – Skjærtorsdag: Sandnes kyrkje kl. 19.00. Skjærtorsdagsgudsteneste felles for alle kyrkjelydane. Nattverd.
  • 18. april – Langfredag: Årdal kyrkje kl. 19.00. Pasjonsgudsteneste felles for alle kyrkjelydane. Nattverd.
  • 19. april – Påskeaftan: Austad kyrkje kl. 19.00. Påska i ord og tonar.
  • 20. april – Påskedag: Årdal kyrkje kl. 11.00. Høgtidsgudsteneste. Påskelyset vert tend. Nattverd. Vonheimkoret.
    • Bygland kyrkje kl. 19.00. Høgtidsgudsteneste. Påskelyset vert tend. Nattverd.

Mai

Juni

  • 1. juni – Bygland kyrkje kl. 11.00. Gudsteneste med konfirmasjon.
  • 8. juni – 1. pinsedag: Årdal kyrkje kl. 11.00. Gudsteneste med konfirmasjon.
  • 9. juni – 2. pinsedag: Bygland kyrkje kl. 11.00. Misjonsgudsteneste for alle kyrkjelydane. Nattverd.
  • 15. juni – Austad kyrkje kl. 11.00. Høgmesse. Nattverd.
  • 29. juni – Årdal kyrkje kl. 19.00. Høgmesse. Nattverd.

Juli

  • 6. Juli – KVS Bygland kl. 11.00. Familiegudsteneste.
  • 13. Juli – Støylsgudsteneste på Skore kl. 12.
  • 29. Juli – Olsok: Sandnes kapell kl. 18.00. Olsokgudsteneste for alle kyrkjelydane. Medbrakt kaffi/grillmat på neset nedanfor kapellet.

August

  • 3. august – Tveitå, friluftsgudsteneste. kl. 12.00.
  • 10. august – Bygland kyrkje kl. 19.00. Høgmesse. Nattverd.
  • 17. august – Sandnes kyrkje kl. 11.00. Gudsteneste med nattverd.
  • 24. august – Austad kyrkje kl. 17.00. Folkemusikkmesse.
  • 31. august – Årdal kyrkje kl. 11.00. Høgmesse. Nattverd.

September

  • 7. september – Bygland kyrkje kl. 11.00. Høgmesse. Nattverd. Kyrkjekaffi.
  • 14. september – Sandnes kapell kl. 11.00 Høgmesse i samband med Normisjon sin dag i kyrkjelyden. Nattverd.
  • 17. september – Årdal kyrkje kl. 18.00. Familiegudsteneste. Utdeling av Barnas kyrkjebok til kyrkjelyden sin 4-åringar og bok til 6-åringar. Kyrkjekaffi.
  • 21. september – Austad kyrkje kl. 11.00 Familiegudsteneste. Bibel til 5.-klassingar. Konfirmantpresentasjon. Kyrkjekaffi.

Oktober

  • 5. oktober – Årdal kyrkje kl. 11.00. Høgmesse. Presentasjon av Anna Heggland. Kyrkjekaffi.
    • Sandnes kyrkje kl. 14.00 Familiegudsteneste. Biblar til 5.-klassingar. Konfirmantpresentasjon. Kyrkjekaffi.
  • 12. oktober – Bygland kyrkje kl. 16.00. Familiegudsteneste. Biblar til 5.-klassingar. Konfirmantpresentasjon. Kyrkjekaffi på Vonheim like etter gudstenesta.
  • 22. oktober – Årdal kyrkje kl. 18.00. Familiegudsteneste. Bibel til 5.-klassingar. Konfirmantpresentasjon. Kyrkjekaffi.
  • 26. oktober – Bots– og bededag: Sandnes kyrkje kl. 11.00 Preikegudsteneste/bots- og bededagsgudsteneste.

November

Desember

Kjelder