Olav K. Flåt

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. oktober 2014 kl. 17:49 av Helland (diskusjon | bidrag) (Personmal)
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav K. Flåt
Født: 3. desember 1917
Død: 25. juli 2001 (83 år)

Olav K. Flåt (Olav Skånevollen) var fødd ca 1917, og var gardbrukar i Skånevollen og seinare i Haugan i Evje. Frå midt på 1930-talet og fram mot krigesutbrotet i 1940 var han ein av dei beste skihopparane på Sørlandet. Under hopprenn i Ørnefjellbakken i Evje 7. februar 1937 sette han ny bakkerekord med 46,5 meter. Han sette også bakkerekord med eit hopp på 52 meter i Storheia i Kristiansand under eit hopprenn der den 8. mars 1937. I januar 1939 var det stort hopprenn i Tinnheia i Kristiansand, som samla 6-7000 tilskodarar. Fleire av dei beste hopparane i Noreg på den tida deltok. Olav K. Flåt vart nr. 10.

Flåt heldt fram med hoppinga i nokre år etter krigen, og konkurrerte då mykje med den framste hopparen på Sørlandet i denne tida, Jørgen Nordbø, som også var frå Evje.

Olav K. Flåt representerte Evje AIL. Han er far til Knut Flåt.

Kjelder