Hopp til innhald

Shabana Rehman

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. oktober 2014 kl. 21:27 av Helland (diskusjon | bidrag) (Personmal)
Shabana Rehman
Fil:Shabana Rehman Gaarder.jp
Født: 14. juli 1976 (49 år)

Shabana Rehman Gaarder (fødd 14. juli 1976) er ein norsk komikar, debattant og forfattar. Ho hadde show på Hovden grendehus torsdag 17. april 2014, som var skjærtorsdag det året. Om lag 100 personar var til stades på showet.

På Hovden fortalde ho frå livet sitt om om stuntet då ho lyfta Mullah Krekar og det som skjedde etterpå. Då hadde ho fått drapstruslar. Det vart skote mot restauranten som familien dreiv på Grünerløkka, noko som medverka til at ho reiste til USA for ein periode. Men om ho skulle stå opp for ytringsrett og ytringsfridom, måtte ho bu i Norge, så ho flytta heim att. Sidan har ho vore ettertrakta som komikar og har lyfta både ordførarar og banksjefar. I 2002 fekk ho Fritt Ords pris, og i 2010 fekk ho Fredrikkeprisen. Ho er gift med journalisten Martin Gaarder.

Kjelder

Eksterne lenker