Johannes Vittali

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. november 2011 kl. 04:07 av 79.161.230.58 (diskusjon)
Hopp til navigering Hopp til søk

Johannes Karel Vittali (fødd 1939 i Den Haag Nederland) bur iEvje og Hornnes kommune. Han kom første gong til Noreg i 1960 for å gå på jakt i Langeidsheiane. Som 14-åring starta han i arbeid saman med faren, som var murar. 16 år gamal fekk han hyre på ein nederlandsk båt. Sidan søkte han seg over til norske skip, han hadde høyrt at forholda skulle vere betre der. I 1961 kjøpte han hus i Flatebygd og der vart han buande til han i 2006 kjøpte eit av husa etter Forsvaret i Bjoråvika og busette seg der. Etter kvart fekk han jobb som oljearbeidar i Nordsjøen. Dei siste 11 åra der var han tillitsvald på heiltid.

Lokalt har han vore sekretær og kasserar i Evje og Hornnes Arbeiderparti. Han har så vidt vore innom i kommunestyret, desto meir aktiv i dugnadsarbeidet for Furuly foreningshus, der han og var bingovert i mange år.

Kjelder