Brattekleiv gruve
Brattekleiv gruve er ei nedlagt clevelanditt-gruve kort etter garden Lauvland i Evje når ein køyrer fylkesvegen frå Galteland mot [[Iveland}}. Gruva ligg på nedsida (vestsida) av vegen. Det går traktorveg fram til gruva.
Det er rapportert chrysoberyll frå denne gruva. Molybdenglans som er i samlingane til Bergverksmusèet på Kongsberg kjem herfrå. Brattekleiv er ein av dei mest kjende førekomstane av beryll og columbitt i Iveland- og Evje-distriktet.