Jessica Öngörur
| Jessica Öngörur | ||
|---|---|---|
| Født: | 1984 (alder 41–42) | |
Jessica Öngörur er kommunepsykolog i Setesdal frå 1. januar 2012. Ho bur på Evje og stillinga hennar dekker heile Setesdal med 20 prosent i kvar kommune og 40 prosent i Evje og Hornnes kommune, der ho har kontordag på Evjeheimen dei tre første dagane i veka. Torsdag og fredag er ho på utekontor i Valle helsehus. Ho er utdanna ved Uppsala universitet, men har og vore utvekslingsstudent eitt år ved Universitetet i Oslo. I studietida arbeidde ho som sommarvikar på Bykle sjukeheim, og då likte ho seg så godt at ho søkte på stillinga som kommunepsykolog då den vart etablert.
Kjelder
- Opplyst i intervju i Onsdagsprogram i Valle Radio 20121010