Inger Lise Stulien
Inger Lise Stulien (født 1975) er ein norsk musikar og lærar busett på Syrtveit i Evje og Hornnes kommune. Ho er tilsett som lærar på Evje barneskule i kommunen, men er mest kjent som musikar.
Biografi
Ho var bare fire år då ho første gong song i radio. Songaren frå Byremo kjem frå ein sangglad familie. I 1998 gav familien ut eigen cd, far Arthur Stulien saman med Inger Lise og fire systrer.
Ho er gift og har fått to barn og etternamn Robstad. Ho er adjunkt med opprykk og studerer og spansk på Universitetet i Agder.
Som songar har ho sunge saman med Bjøro Håland og fleire andre innan countrysjangeren, mellom anna i Nashville og på Norsk Høstfest i Minot, Nord Dakota. Ho spelte og mykje med dansebandet Riders, der og ein bror og ei søster var med. I samarbeid med mållaga på Agder har ho laga barnekulturkveldar på Agder der ho har laga potpurri av nynorske barnesongar og invitert til allsong. Dette har vore svært populære arrangement for både unge og eldre. Seinare laga ho kyrkjekonserten Ti vers og ti songar som ho har halde både på Sørlandet, i Nord-Norge og på Svalbard.
Diskografi
Inger Lise Stulien har vore på Sørlandstoppen fleire gonger, første gongen med songen Lonely At The Right Time 14 år gamal. Ho gav ut sin første kassett då ho var 15. Ein annan song som har vore på Sørlandstoppen, er From A Distance og i 1997 var Don't Make It Hard For Me på toppen.
- Barndomsminner 1998
- September 1999 saman med søstera Grethe Stulien Lauen.
- Steikeplatå 2001
- Okke to 2008
Heider
I 2003 fekk Inger Lise Stulien Målblome 2003 på landsmøtet til Noregs Mållag. Grunngjevinga var at ho nyttar det norske språket med rett rygg og glimt i auga og er eit førebilete for andre.