Hommsåne kraftverk
Hommsåne kraftverk er eit småkraftverk i Hommsåne i Valle kommune. Småkraft AS byggjer kraftverket saman med tre grunneigarar. Byggeoppdraget gjekk til Nomeland Anlegg AS.
Årleg produksjon når kraftverket startar våren 2013 er planlagt til 5,1 GWh. Det er nok til å dekke kraftbehovet til 255 husstandar. Småkraft har inngått ein 40 års leigeavtale med grunneigarane der dei får ein garantert sum i året og auke viss straumprisane er over snittet. Kostnaden er rekna til 23 mill. kr. og byggestart var hausten 2011. Dette var det tredje kraftverket Nomeland Anlegg samarbeidde med Småkraft om.
Kjelde
- Ole Birger Lien: Skal bygge ut Hommsåne. Artikkel i Setesdølen nr. 77, 2011 side 5