Tveit-Krokå
Utsjånad
Tveit-Krokå er ein knapt fem kilometer lang strekning på Riksveg 9. Han startar litt sør for grenda Tveit nord i Bygland kommune og går til Krokå, som ligg litt sør for Langeid i same kommunen.
Opprusting av denne vegen starta hausten 2009. Arbeidet vart utført av Lindland Maskin i Lyngdal, som vann anbodet i konkurranse med åtte andre entreprenørar. Anbodet var på 32,7 millionar, Vegen skal vere ferdig i 2011. Første delen, frå Tveit til Heggland, vart opna i oktober 2010.
Andre anbod
- AF K-Strømme i Oslo
- Risa AS, som har avdeling i Setesdal
- Bdr. Alseth, Rjukan
- Trafikk og Anlegg, Kristiansand
- TT Anlegg i Marnardal
- ANT i Tinn
- Ropstad i Søgne
- Hab Construction i Oslo
Kjelde
- Ole Birger Lien: Ni verksemder vil bygge ut Tveit-Krokå Artikkel i Setesdølen nr. 65, 2009