Løvlands allé

Løvlands Allé er ei visepopgruppe som vart stifta av Tor Egil Andersen og Sanjin Kazagic frå Evje i 2002. I 2008 kom Gjermund Nomeland (Morgedal), Glen Faanessen (Maura) og Magne Tente (Kristiansand) med i gruppa. I 2009 ga dei ut ein singel, og våren 2011 kom singel nr. 2.
Songar
- Se meg (når du går forbi) - 2009
- Du søve stilt i kveld - 2009
- Smed - 2011
- Rike i to - 2011
Kjelder
- Helene Horverak: EP frå Løvlands Allé Setesdølen nr. 53, 2011 side 2
- Odd Helge Liestøl: Løvlands Allé. Artikkel i moisund.com Avis nr. 4/2009