Sverre Lund

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. desember 2010 kl. 23:26 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (pensjonistforeninga)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sverre Lund (fødd 1. desember 1910) i Valle var handelsmann i Valle sentrum. Han bygde butikken sin i 1938 og var handelsmann der til 1982. Før han etablerte seg i Valle, hadde han arbeidd på butikkar både på Vatnestrøm og Birketveit i Iveland. Sidan kom han heim til Valle og arbeidde eit par år i butikken til onkelen Søren Lund før han fekk sin eigen butikk. I åra som handelsmann la han ned eit stort arbeid for KØFF på landsplan og regionalt plan. Han og kona Inger, som han var gift med i nesten 60 år, budde oppe på butikken i alle år, men då han avslutta, flytta han inn i nybygd hus i Leite.

Utanom jobben var Sverre Lund engasjert i mykje frivillig arbeid. Han var klokkar i Valle kyrkje i 32 år. Han var ei av eldsjelene i samband med dei årvisse internatmøta i Valle, eit tiltak som vart arrangert av indremisjonen i nærare 40 år. Han var ivrig leiar i yngresarbeid og anna arbeid på Valle Menighetshus. Han har og vore ivrig i arbeidet for å få bygd Skafså fjellkyrkje, som i dag er reist ved Hallbjønnsekken etter mykje dugnadsarbeid. Sverre Lund var og med i oppstarten av Valle pensjonistforening, og var leiar i mange år.

Trimming ved spasering har vore viktig for han, så i Valle pensjonistforening var det kvart år eit møte der ein delte ut Den gyldne spaserstokk til folk som gjekk turar.

Inger og Sverre hadde fire born.

Bibliografi

  • Valle indremisjon 100 år 6. januar 1892- 6. januar 1992 ISBN 82-992468-0-6

Kjelder

Eksterne lenker