Espetveit (Valle)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. november 2010 kl. 02:22 av Siri J (diskusjon | bidrag) (Ny side: :''Sjå og Espetveit (Evje og Hornnes)'' '''Espetveit''' er ein gard i Valle kommune (gnr. 32). Den ligg på omlag 410 m.o.h. på grensa mot Homme heilt nord i Tveitebø, o...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå og Espetveit (Evje og Hornnes)

Espetveit er ein gard i Valle kommune (gnr. 32). Den ligg på omlag 410 m.o.h. på grensa mot Homme heilt nord i Tveitebø, og den her ein del av det nørdre beitelaget der. Namnet uttalast /es`petvait/, og tydar ospeskog. Garden skal ikkje ha hatt plass, og omkring 1615 blei den delt i to bruk. Grunna skyldsetting av småteigar var garden delt inn i fem bruksnummer i 1981. Totalt har garden hatt tre gardsnummer; fram til 1838 var det 46, 1838-1889 30, og frå 1889 til no er det 32.

Garden si historie kan førast attende til tida før svartedauden (ca. 1350), og i Oluf Rygh sitt verk Norske Gaardnavne ser me at garden i 1595 var kalla Espettuedt, i 1601 Espetuett og i 1723 Espetved.[1] I 1661 hadde garden to slåttestøylar, og ni år seinare hadde den tre slåttestøylar, ei flaumkvern og eit lite fiskevatn. Rundt eit halvt sekel seinare viser førearbeidet til den nye matrikkelen at garden ikkje var av dei rikaste i bygda. Den blei då omskrive som ein gard med kvern til husbruk, men som var tung å drive, utan noko vidare skog og med skrale slåttestøylar.

Som på så mange andre gardar reiste og bruksfolk på Espetveit ut til Amerika. I 1853 fór Knut Halvardsson frå b.nr. 1, og rundt 1878 Karolus Johannesson frå b.nr.2.

Referanser og kjelder

  • Ryningen, Alfred: Valle kommune - gardssoge