Åsen (Grendi)
Åsen er ein gard i bygda Grendi i Bygland kommune (gnr. 62).
Garden er truleg ein av dei yngste i Bygland, Reidar Bolling skriv i Gards- og ættesoge Bygland at den er frådela Greibrokk kring 1700[1]. I 1723 kom eit matrikkelforarbeid, og i dette hadde garden fått nummer 12, og stend Sveinung Torkjelson som eigar[2].
Slekt
Etter Sveinung overtok sønen Torkjel Sveinungson garden. Fyrste kona, Birgit Ånundsdotter Greibrokk, døydde berre fire år etter at de vigde i 1735 og han gifte seg opp att i 1740 med Ingebjørg Ketilsdotter Lande. Eidsvollsmannen Eivind Torkjelson Lande var son av Torkjel og Ingebjørg. Han gifte seg til Øvre Lande.
I 1772 gjekk garden over til sonen Sveinung Torkjelson (fødd 1743), som fekk to søner og tre døtre med kona Mari Svendsdotter Austenå. Borna var Torkjel, Svend, Tarann, Sigrid og Ingebjørg. Sonen Torkjel døydde tidleg, allereie i 1807, så i 1822 skreiv Sveinung garden over på dottera Ingebjørg som hadde vigd med Ketil Lande.
Matrikkelen frå 1838 fortel at det då var to brukarar i Åsen, Torjus Nereson og Knut Nottoson[3]. Knut var son av bruksmannen Notto Jakobson på Lande. Bolling seier at Ingebjørg overlet garden til sonen Sveinung Ketilson Lande same året, men han døydde i 1848 uten å ha gifta seg.
Kjelder
- Bolling, Reidar: «Åsen. G.nr. 62.» i Gards- og ættesoge Bygland, utg. 1952, s. 410–411.
- ↑ Bolling, Reidar: Gards- og ættesoge Bygland, utg. 1952, s. 410
- ↑ Råbyggelag, Matrikkelprotokoll (RA/EA-4070/N/Nb/Nbf/L0126), 1723-1723
- ↑ Riksarkivet: Nedenæs amt, Matrikkel, 1838-