Terjei Ramse
Utsjånad
Terjei Ramse (fødd 15. november 1918) budde på Åmli sjukeheim då han feira 95-årsdagen 15. november 2013. Han dreiv garden på Øvre Ramse i Tovdal saman med kona Wiel Ramse, som var frå Brummunddal og som døydde i 2012. Sonen Olav-Gunvald Ramse har teke over gardsdrifta med sauehald. Dottera Reidun er lærar på Austlandet.
Ramse var aktiv i lokalpolitikken som representant for Senterpartiet. Han har og vore leiar i Aust-Agder bondelag og vart i 2012 utnemnd til æresmedlem.
Kjelde
- Tarjei Ramse i Åmli fylte 95 år fredag. Artikkel i Setesdølen nr. 91, 2013 side 2