Tveitøygard
Utsjånad
Tveitøygard var støyl under garden Vassend i Bygland. Staden er like nord for Bekkerhusvatnet.
Historie
Tveitøygard kan ha vore ein mellomaldergard, kan hende under namnet Bekkerhus. Her er funne merke etter dyrking i myrdalen søraust for der hytta står nå. Øygard treng ikkje tyde ein gard som blei lagd ned under Svartedauden. I området Åseral - Evje var øygard også det vanlege ordet for støl. Iallfall var Tveitøydgard i nyare tid ein støl. Det kan hende at han fyrst låg under garden Tveit i Evje som i så fall må ha strekt seg lenger mot nord enn i dag.
Kjelder
- Artikkelen om Tveitøygard på Kulturminnesok.no