Årdal kyrkjegard

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. mars 2026 kl. 18:31 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Minnestein)
Hopp til navigering Hopp til søk
Årdal kyrkjegard 23. mars 2026.
Fil:Årdal kyrkjegard Lande-støtta 030616.jpg
Kyrkjegarden med Minnesteinen over Eivind Torkjelson Lande 3. juni 2016.
Foto: Geir Daasvatn

Årdal kyrkjegard ligg ved Årdal kyrkje i Grendi. Kyrkjegarden er delt i to deler. Den eldste delen er rundt kyrkja på vestsida av Riksveg 9, men den nyare delen ligg på austsida av vegen.

På den eldste delen er det ein bauta over eidsvollsmannen Eivind Torkjelson Lande og over folkeminnesamlaren Johannes Skar. Her er det også reist ein avbroten runestein som vart funnen innemura i sakristitrappa i 1881. På norrønt står det på runesteinen Hjalpi Guđ ondu som betyr «Gud hjelpe (NN sin) ande». Namnet på personen NN reknar ein med stod på den delen av steinen som ikkje er funne.

Kjelder