Olav F. Kvestad
| Olav F. Kvestad | ||
|---|---|---|
| Født: | 15. november 1812 | |
| Død: | 14. mars 1890 (77 år) | |
Olav Folkesson Kvestad (fødd 1812, død 1890) var bonde på bruket Nordigard Kveste i Valle. Han var gift med Margit B. Kvestad (fødd 1815, død 1883). Det var Olav Folkesson som saman med sønene sine eingong på 1800-talet bygde dei særmerkte frukthagane med steinmurar som står på eigedomen den dag i dag. Han skal ha vore ein halden mann. Ein av sønene overtok bruket i Kveste, ein overtok Nordigard Tveiti og ein fekk Sygard Tveiti.[1]
Referansar
- ↑ Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 240