Straffeskatten 1613

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. februar 2026 kl. 07:58 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Straffeskatten 1613 vart ilagt bøndene i Setesdal fordi dei hadde vegra seg for å sende soldatar i Kalmarkrigen 1611–1613. Det var ein hard skatt: Halvparten av det bøndene eigde, eigedomar og lausøyre, men ikkje odelsgods og bygningar, skulle bøtast til kongen (Christian IV). Attpåtil skulle skatten betalast i reide pengar, noko som gjorde straffa ekstra alvorleg.

Takseringane skjedde i september 1614. Truleg laug bøndene så mykje dei torde. Mykje gods vart nok såleis lura unna. Men det vart likevel ei bot som verkeleg sveid.

Kjelder