Bø (Valle)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. januar 2026 kl. 11:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
20. juli 2017. Otra i framgrunnen.
Bø med Fureteig lengst til venstre 3. september 2016.
Foto: Geir Daasvatn

er to matrikkelgardar Nørdre Bø og Syndre Bø i Valle. Gardane ligg på vestsida av Otra. Ein kjem dit ved å ta over Hallandsbrua rett nord for Hallandsfossen, og derfrå følge Bøvegen sørover til gardane. Med unnatak for Flårenden er dette dei gardane som ligg lengst sør i gamle Valle kommune. Både tun og eigedomar elles ligg nokså om kvarandre på eigedomane.[1]

Gruvedrift

Det var drift etter kopar i Bøgruva rundt 1844–1855, og i fleire år rundt 1916–1918.[2]

Historie

Bøgardane høyrer truleg ikkje til dei aller eldste i Valle. Men det har nok vore folk her iallefall i vikingtida (800–1000 e.Kr.).[3]

Bø ligg utsett til for ras. I 1663 blei heile 11 hus teke av ras. I det store rasåret 1793 gjekk det med tre menneskeliv.[4]

Sjå også

Referansar

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 102
  2. Valle III, side 107–109
  3. Valle III, side 103
  4. Valle III, side 111

Kart

Laster kart ...